Tekniske data:
Min AT-40 er mitt andre modellfly nokon gong. Eg kjøpte det i September 2008, men hadde ikkje maiden før 10. August 2009(!). Modellen er meget billig. Betalte vel 700,- for sjølve modellen. Veldig god byggekvalitet i forhold til pris, og har egentlig ingenting å klage på det. Har enormt gode flyeigenskapar, og var eit perfekt fly nr. 2 for meg. I begynnelsen hadde eg berre ein O.S .46LA på dette flyet. Det var jo absolutt nok power, og absolutt ein passande motor. Men seinare ville eg ha meir power, så gikk til innkjøp av ein ASP .52. Denne yter absolutt mykje bedre enn den slappe O.S 46LA motoren, og måtte faktisk bare flytte batteriet litt bakover for å få riktig CG. Drar flyet vertikalt uten problem med ein APC 11x6 propell, og har ein målt toppfart på 164 km/t målt med radar. For tida har eg på en 11x7 trepropell eg ikkje har fått prøvd enda, men håper at den ikkje er for hissig for motoren, og håper på enda meir fart og spenning.
Alt i alt eit fantastisk godt fly som eg koser meg med enda. Perfekt fly for nybegynnere, eller for folk som berre vil ha eit billig kosefly.