Har vore ei flott helg. Fått flydd både på Lørdag og Søndag på Svarthumlevatnet. Vart laga flott stripe der.
Lørdag: Kom på stripa i 12-tida. Godt oppmøte, både folk eg kjenner og folk eg aldri har sett før. Mykje god flyging, og mykje artig å se på! Hadde som vanlig med min AT-40, og fekk målt farta på den. Farta med ca 15 km/t medvind, vart målt til 164 km/t. Eg vart overraska. Bjørn filma mykje, så har fått laga film ut av det.
Søndag: Kom på stripa i 12.30-tida. Litt mindre oppmøte i dag, men forsatt ganske bra. Blåste meir i dag, og var blitt glatt som faen på stripa sidan mykje snø hadde blåst vekk. Men var forsatt like artig. Jonny sin Sundowner 50 med .91 totakt motor, vart målt til 162 km/t i meir medvind enn dagen før! Det reknestykket høres ikkje rett ut i mitt hode. Men må nok til med ein mindre propell. Kåre hadde også sin siste tur med ein Extra 300(om eg ikkje tar heilt feil). Den skal han strippe for utstyr, så skal eg overta den. Så når eg krasjar U-can-do'en min, flytter eg over utstyret i den.
Film fra Lørdagen(kjem og til å legge ut bilder osv i galleriet):
Har bestemt meg for å oppdatere minst kvar helg no. Det blir altså enten oppdateringar på Lørdagar eller Søndagar(avhengig av feks om eg skal til Skaflestad).
Var sånn halvveis planer om å dra i Skaflestad denne helga, men når temperaturane holder seg under -15 er det lite fristande.
Litt bilder. Her kan dere sjå den nye ASP .52 motoren til min AT-40.
Skal og konvertere min AT-40 fra nesehjulsopplegg til halehjul. Det nesehjulet som eg har no er alltid problematisk. Her kan du se at eine skruen til festet har falt ut, og for å få bytta den, må eg fjerne tanken og komme til under, noko som er ei utfordring i seg sjølv.
Til slutt eit bilde av min U-can-do 46 som snart er ferdig. Må bare montere alle pushrods. Her sammen med min AT-40.
Det har vert meget stille her i det siste. Eg har opptil fleire gonger tenkt å skrive litt, men det har ikkje blitt noke av. Men det betyr ikkje at ingenting har skjedd! Det har gått treigt med bygginga av min U-can-do 46, men den er veldig snart ferdig. Gjenstår berre å bestille nokre lengre ledningar til servoane, samt lage pushrods til alle ror(er ikkje alltid like fristande å stå ute i -10 og lage gjenger), og kjøre inn motor, så er den klar.
Cliken min vart eg ferdig med på Onsdag, og prøvde den i hallen i Naustdal samme kveld, med stor suksess. Kun litt småplukk som må endrast for å få den heilt optimal.
Min AT-40 har fått ny motor og, ein ASP .52, og drar flyet vertikalt. Meget fornøgd i forhold til prisen eg betalte(ca 300 NOK ferdig levert fra Hong Kong). Planlegger og å montere halehjul på denne og kvitte meg med nesehjulsordninga, da denne er kun full av problem heile tida.
Ellers blir det nok litt oppdateringar i galleri seinare i dag, med bilder og video eg ikkje har lagt ut. Får sjå kva ellers eg skal gjere rundt på nettsida og, er litt eg har ønska å endre.
Her er ein video fra hallen på Onsdag, med Jonny sitt heimebygde fly og Vegard sin Blade.