Sjølvkontroll

Flyet ankom i dag. Eg kunne sjølvsagt ikkje vente lenge med å hente det.
Mine planar er foreløpig å ikkje begynne å bygge det før bursdagen min. Men måtte jo sjølvsagt ha ein liten inspeksjon av delane før det, bare for å sjå etter skade etter transport sjølvsagt.
Så no handlar det om å ha nok sjølvkontroll til å ikkje begynne å bygge i løpet av uka.

Reknar med å oppdatere her underveis i bygginga.

Bestilte forøverig og ein motor fra Hong Kong i går(ASP .91 4-takt).
Servoar blei bestilt fra Taiwan (Align DS610).

I mellomtida får dere kose dere med ein liten teaser:
Ucando1
Posted on 20 Nov 2009 by Morten Bilet

Utålmodigheit

Klarte sjølvsagt ikkje vente.
Så no er 1 stk U-can-do 46 bestilt frå RCpro, som ligg i Sortland. Tar sikkert litt tid å få den der i frå, men ingen hast då bursdagen min ikkje er før om 1 uke og 6 dagar! På ein lørdag!

Grunnen til ein slik tidlig bestilling var rett og slett frykt for at den skulle gå tom på lager. U-can-do 46 er tydeligvis mangelvare rundt om på butikkane. RCpro hadde berre 1 igjen skal eg tru det som stod på nettsida.

Servoer og diverse anna blir sikkert bestilt til uka.

Gledar meg iallefall usakelig mykje til å prøve dette flyet!
gpma1269big.jpg
Posted on 15 Nov 2009 by Morten Bilet

Planar

Har store planar for tida.

Bursdagen min nærmar seg, og i den anledning ønsker eg meg nytt fly.
Eit U-can-do 46 for å være nøyaktig. Planlegger å sette ein ASP .91 4-takter i den, bestilt fra Hobbycity etter anbefaling fra Bjørn på stripa.
Skal bli artig å prøve seg på litt 3D/acro-flyging anna enn i simulatoren.

Skal også bestille meg ein ASP .52 2-takter til AT-40 fra Hobbycity. Skal bli moro med litt meir krefter i den.
Omtalen av det flyet kjem vel også etterkvert.

Vart ingen flyging i Skaflestad i dag heller, på grunn av det fine været her på vestlandet. Regn og vind på 10-11 m/s.

Ellers skal eg prøve å oppdatere her kvar helg frå no av, så følg med!

gpma1269big.jpg
Posted on 14 Nov 2009 by Morten Bilet

Flyging i Naustdal!

Som sagt blei det flyging i Naustdal nærmare bestemt Skaflestad i dag(i går sånn eigentleg).
Flott dag med mykje flyging, og litt mykje krasj.
Ein Barbera Jean og ein Fascination gjekk i bakken i dag.
Sjølv hadde eg litt problem med motor på slutten, og hadde mi første deadstick-landing som blei heilt perfekt.

Bilder ser du her
3.jpg

Film kan du se på Youtube eller Vimeo.
Posted on 17 Oct 2009 by Morten Bilet

<< Previous 1 2 3 4 5 6 7 8 Next >>

Content Management Powered by CuteNews