No er det akkuratt 1 år sidan eg skreiv mitt første innlegg på MortenBilet.net!
På den tida hadde eg ikkje en gang flydd med AT-40 for første gang, og heller ikkje møtt nokon av folka eg flyr med i dag!
I dag står eg med ein godt brukt Cessna, AT-40, ein såogseie klar U-can-do 46, samt 2 indoorfly, samt ein Extra 300S som reperasjonsobjekt!
Kan ikkje klage akkuratt, med tanke på at det eg hadde då var Cessnaen og AT-40.
I tillegg har eg jo møtt ein heil masse folk som eg flyr med ofte. Ekstra greit er det jo og at vi har stripa på Skaflestad å fly på!(Som forøverig forsatt er dekt med ein halvmeter snø)
No er det å fly U-can-do 46 som står for tur. Reparere Extra 300S. Samt å bygge hobbyrom som eg håper bli ferdig tidlig i sommer.
Ser fram til ein sommar full av RC-aktivitet og moro!
Gledar meg!
