AT-40

AT-40 er eit billig Almost ready to fly .40-size trainerfly som er mitt fly nr. 2.

Tekniske data:

  • Lengde: 1400mm
  • Vingespenn: 1620mm
  • Vingeområde: aner ikkje
  • Vekt flyklar: ca 2.4kg
  • Dette utstyret brukte eg i denne modellen:

  • Motor: OS 46LA
  • Propell: APC 11*6
  • Servoer: 4stk Futaba S3001BB
  • Mottakerbatteri: Dynomax 4.8V 2000mah NiMH
  • Åpning og montering:

    AT40ESKE.JPG

    Alt ser bra ut frå ein åpner eska. Alle delane er plassert ryddig og fint i eska, og pakka inn i plast for å unngå skade. Dette flyet inneholder nesten alt ein treng for å gjere det ferdig untatt lim, elektronikk og motor.

    Montering:

    Det er ikkje mykje arbeid med å få denne modellen ferdig, og ein kan heilt greit bli ferdig med den på noken kveldar. Det første steget i manualen er å hengsle alle rorene med dei medfølgande CA-hengslane. Med ein gang eg såg desse, var eg skeptisk til om dette kom til å holde. CA-hengslar er kort forklart eit slags papir ein trer inni vinga og roret, som ein deretter drypper eit par dråper tynt CA-lim på, som då vil trekke seg inn i hengslane og feste dei. Det er allerede skjært ut spor til hengslane så det er bare å tre inni og ta på lim. Alt dette gjekk veldig greit på alle rora. Bare pass på å ikkje få for stort mellomrom ved hengslane for å unngå flutter men og nok mellomrom til at roret får bevege seg fritt.

    HENGSEL.jpg

    Neste steg er å lime sammen vinga. Dette gjørast enkelt med ein pinne som treast inni kver vingedel, med påført 30-minuttes epoxylim. Så limer en på en liten "forsterkingsplate" bak på vingen, også med epoxylim.(Se bilde)

    FORSTERKNINGSPLATE.jpg

    Så monteres balanaserorsservoen under vingen, som skrues fast i en liten plate som man også limer fast med epoxylim.

    BALANSESERVO.jpg

    Deretter monteres motoren fast(I mitt tilfelle, OS 46LA). Dette skulle vise seg å være litt enklere sagt enn gjort. Eg setter motoren med potte montert for å skjekke at det er god plass til alt. Her måtte eg skjære bort litt på siden av flyet for å få plass til potta helt. Så var det bare å plassere motoren på igjen for å markere kvar ein skal borre hull for å feste motoren. Her støtte eg på eit lite problem. For festet er lagd slik at ein skal montere motoren noen få grader til venstre(sett bakfra), men her var festet veldig skjevt. Så det ble meget lite klaring for hullene, så eg måtte finne et veldig tynt borr for å ikkje ødelegge noe på festet. Det gikk fint, men var veldig irriterende og tidkrevende.

    FESTE.jpg

    Så limte eg fast sideror og høyderor. Lim høyderor først, for då blir det masse enklare å finne midten på høyderoret for å få det heilt rett.

    ROR.jpg

    Neste steg ble då å montere radioutstyret og tanken, som er veldig lett då dei har skjært ut hull og spor til alt.

    OPPI.jpg

    Så blei hjul montert og alle stag satt i rorene og servoene som er veldig enkelt og rett fram å gjøre.

    HJUL.jpg

    STAG.jpg

    No er det bare å stille utslag i følge manualen, så er flyet så og si klart(såfremt ein har huska å kjøre inn motor på riktig måte, eg gjør det meste av innkjøringa i lufta). Her støtte eg og på eit lite problem. For å få nok utslag på eine balanseroret blei eg nødt til å borre litt større hull ved ene staget.

    FLYKLAR.jpg

    FLYKLAR2.jpg

    Så var flyet endelig klart for jomfrutur, sjølv om eg venta i fleire måneder på å ta jomfruturen, blei den til slutt unnagjort. Ein solfylt dag med en del vind drog eg ned på "stripa"(ei fotballbane med åker ved sidan av) sammen med fotograf(pappa) og gjorde meg klar for jomfruturen. Nervane var sjølvsagt på topp, men sånn skal det vel være.
    Range skjekk blei unnagjort, motoren blei starta, og eg begynte med å takse rolig rundt på fotballbana imens eg venta på at fleire folk som hadde landa der med hangglidere skulle pakke seg ferdig. Så var endelig stripa klar. Full gass, og etter noken meter løfta flyet seg fint fra bakken ved hjelp av litt høgderor. Eg trur aldri hjertet mitt har dunka så fort som når eg tok første svingen rett etter takeoff. Så blei eg gjort kjent med flyet sine snille flyeigenskapar og landa 2 tilnærma perfekte landinger før eg drog heim igjen. Flyet flydde heilt utruleg bra, med ingen skumle tendensar. Eg klarte heilt fint å fly sjølv om det var nokså mykje vind.

    FERDIG.jpg